HNU
Hjelmeland Næringsutvikling:

Hjelmeland Næringsutvikling held til like ved ferjekaien på Hjelmeland. Sjå etter den store Jærstolen på utsida. Her finn du og turistinformasjon i tillegg til eit stort kontorfellesskap.

Oppdrett av laks, og nå også kveite og torsk, er ei viktig næring i vår kommune. Mange ganar sørover i Europa har fått kjenna smaken av laks som er oppvaksen i fjordane våre.

Industrianlegget på Hundsnes inneheld blant anna eit av landets største lakseslakteri. Her finn ein og bedrifter som vidareforedlar produkta. Mange, varierte og gode arbeidsplassar finn ein her.

Det har vore møbelproduksjon i Hjelmeland sidan 1930 talet. Som ein kan sjå av bileta er det både handarbeid og topp moderne maskinar styrte av data som skal til for å laga ein jerstol. Det er ikkje få stader i landet at ein sit på stolar produserte i Hjelmeland.

Sandindustrien i Årdal har stor spennvidd. Den har foreint danskar og svenskar over Øresund og den har sørgd for at sand-volleyball spelarar har landa mjukt i Stavanger.


Turistnæringa har vorte viktig dei seinare åra. Hjelmeland kan by på alt frå høgstandard overnatting og feriar med symjebasseng til lune hytter knytt til gardsbruk. Her kan du sjølv vera med på fjøsstellet, ta deg ein tur på sjøen og dra opp ein stor-sei eller berre kosa deg i solveggen med ei bok.

Ein kjem langt med gode arbeidsplassar, men ein må også ha ein plass å bu. I Hjelmeland er det ennå mogleg å finna hustomter med utsikt og kvalitetar som berre må opplevast. Hjelmeland Næringsutvikling har oversikt over kor det er ledige tomter og kan hjelpa deg å kontakte byggjefirma.

I tillegg til sjølivet, kan me freista med flotte turar i skog og hei. Hjelmeland har mange og gode turstiar. Turistkontoret vårt har oversikt over turløyper. Kart får du med.

foto: profil.as
Skriv ut denne siden